Endringsprosessar i musikklivet involverer gjerne eit utal aktørar og kontekstfaktorar. I studiet av slike prosessar er det derfor vanlig å legge vekt på dei store linene, utan å gjera omfattanda undersøkingar på individ-nivå. Mot ein slik bakgrunn byr den norske seljefløyte på eit eineståande tilfelle der det er mulig å studere dei individuelle banda mellom den døyande tradisjonen knytt til seterlivet og framveksten av ein ny, skreddarsydd for mediesamfunnet.
Gjennom ein post-enquete våren 1984 vart det samla inn opplysningar om sosiokulturelle bakgrunnsdata og tradisjonsbakgrunn for alle aktive seljefløytespelarar forfattaren visste om, i alt 23 spelarar. Ved å analysere og systematisere opplysningane om korleis kvar spelar har tileigna seg repertoaret sitt, kan ein dele tradisjonsberarane inn i tre grupper: 1) “dei garnie” som heilt ut hadde/har lokale røter i den garnie setertradisjonen, 2) “formidlarane,” som har tileigna seg kunnskapar i vaksen alder gjennom medviten innsats og personlig kontakt med ein eller fleire av dei garnie og formidla denne kunnskapen til 3) “dei unge,” som i tillegg har laert eit repertoar frå lydopptak (massemedia) av dei garnie.
Det syner seg at ei lita gruppe, formidlarane, speler ei viktig rolle i å tolke og formidle den tradisjonelle seljefløyta på ein slik måte at den ynġre generasjon kan laere seg å nytte instrumentet. Og samtidig som det eksisterer band mellom den eldre seljefløyta og instrumentet slik vi møter det i dag, har den yngre generasjon andre forestellingar om seljefløyta enn dei gamle hadde.
I hovudsak representerer formidlarane rett nok ei forsterking av den tradisjonen som går ut frå dei garnie: det skal mye til for å endre inngrodde førestellingar—jamvel slike som ein kan prove er feilakige. Dette gjeld t.d. myten om seljefløyta som eit naturtoneinstrument, som det ikkje finst grunnlag for. Kan hende heng livskrafta til denne myten saman med at han er så naert knytt til nasjonalromantisk tankegods.
På den andre sida fremjar formidlarane også ei nyskaping, den moderne seljefløyta av plast, som på avgjerande vis skil seg frå den tradisjonelle fløyta av bark. Overgangen frå den garnie til den nye seljefløytetradisjonen har såleis karakter av ein endringsprosess, der innovasjon (nyskaping) og revival (gjenoppliving) er viktige, komplementaere drivkrefter.